Hovedseksjon

9. trinn: DKS - Forfatterbesøk Asbjørn Rydland

Ma. 18.11. 0:00

to. 21.11. 0:00

Kunstig intelligens er overalt om dagen, og alle spør seg kva desse tenkjande maskinene kan gjera for – eller mot – oss. Men korleis begynte eigentleg denne ideen om levande maskiner? Og kva er det som gjer at dei har fascinert oss så lenge?

Med ein serie bilde som illustrasjon, fortel eg om bl.a gudestatuar i det gamle Egypt, mytiske vandrande metallkjemper frå antikkens Hellas, sjakkmaskiner frå 1600-talet og moderne robotar både av det oppdikta og det verkelege slaget. Eg tar for meg ulike måtar myter, bøker og film har sett på robotar og kunstig intelligens, og ser det i samanheng med teknologisk og samfunnsmessig utvikling i verda.

Vi skal innom Mary Shelley, Jules Verne, Pygmalion, Alan Turing, Karel Capek, Star Wars og Marvel, for å nemna nokre.

Til sist koplar eg det heile til mi eiga bok Terra Victoris (2022), der trusselen frå kunstig intelligens er eit sentralt tema. Boka er ei actionfylt scifi-historie sett i ei framtid der det har vore krig mellom menneskeheita og den første generelle kunstige intelligensen. Men kven hadde eigentleg skulda for den konflikten? Eg les eit par utdrag, snakkar litt om problemstillingane boka tar opp og svarer på eventuelle spørsmål til slutt.

(Info er hentet fra Den kulturelle skolesekken).